Leige av Haugatun

Vårt unike ungdomshus Haugatun ligg vakkert til like ved Hardangerfjorden.
I denne sjarmerande trebygningen frå 1929 kan du skapa ein heilt spesiell atmosfære rundt tilskipinga di.

Samstundes finn ein moderne fasiliteter som kjøken, flislagde toalett samt scena med topp lydanlegg!
Salen er på heile 130 m2, og ein kan dekka til ca 60 personar. Utan bord og stolar rommer den 240 menneske,
ihht brannvernforskrifta.

Utleigeprisen er 1.800,- for ein dag og 2.500,- for ei helg. Dette inkluderer vask,
men leigetakarane må sjølve kosta golv og hiva boss.
Dersom tilskipinga gjer billettinntekter, skal SUL ha provisjon av desse ( dette gjeld ikkje ved utleige til ideelle lag og organisasjonar).

For meir informasjon eller avtale om leige, kontakt Bodil Stranden på modil 41 27 95 88 eller e-post bodil.stranden@kvamnet.no